Eg søv for lite, som vanleg, får aldri rydda ferdig desse tankane.
Det er rart korleis banalitetane når nye høgder, når alvoret kjem nært, og ein eigentleg berre vil sove og vakne på andre sida av natta. Alvor blir skjemt, og skjemt til alvor- som ein mental nødutgong. (?) Lik lys og mørke, godt og vondt, -som to komplementære einingar lyskastar dei kvarandre med sjeldan verdi.
Alvor kan vere tungt å bere i lengda, når det hopar seg opp i ukjende hjørne, og legg beslag på desse tankane som snublar ein i møte på høglys dag. Kan ein ta inn over seg alt elende, og samstundes halde seg opprøyst som menneske? Og kan ein skjerme seg mot alt, utan å gi avkall på det menneskelege i seg?
Ein balansegong, som alltid, og utan fasit, dette livet. Komplekst i alt det små og store, eit kaos av spor som vert vakre på avstand. Forenkla vert det mogleg å distansere seg, og for å forenkle, må ein gjerne distansere seg noko. Latterleg enkelt, igrunn, og like vanskeleg.
… som å sove ; -)












Kommentarar